Ingeniør Martin Sletten frå teknisk sektor skremde nesten vatnet av kommunestyrerepresentantane da han tysdag kveld orienterte om stoda for vatn og avlaup i Vågåmo.

– Det er lekkasjar i delar av kloakknettet i Vågåmo sentrum, og det er fare for at drikkevatnet kan bli forureina. Vi ligg i dag i grenseland for å måtte klore drikkevatnet, sa Martin Sletten.

Han sa at dei kjempar hardt kvar dag for å beskytte vassressursane i Vågåmo.

– Vi har ikkje hatt bakteriar i drikkevatnet etter at vi starta det nye vassverket, sa Sletten.

Orienteringa frå Sletten var i samband med at politikarane skulle vedta tiltaksplan for vatn og avlaup for Vågåmo.

Det er Asplan Viak som har utarbeidd tiltaksplanen som har ein totalkostnad på 34 millionar kroner.

Med ei avskriving på 40 år vil dette føre til ei auke i avgiftene på 100 kroner i året for abonenntane.

Martin Sletten synte også fram skrekkeksempel av kummar og røyr, bilder som sette støkken i dei folkevalde over kor dårleg forfatning vatn- og avlaupssystemet er.

På tiltakslista er det Øvre og Nedre Langskåre som skal prioriterast fyrst.

– Dersom vi får lekkasje i Øvre Langskåre kan det i verste fall gå med både hus og folk, sa Sletten.

På spørsmål om kostnaden over å skifte ut alt av vatn- og kloakkrøyr, svara Sletten at det ville nærme seg ein milliard.

– Endeleg. Dette er ein plan som vi i Bygdalista fremma i 2011. Dersom vi ikkje gjer tiltak nå, vil vi få ein større smell til lenger vi ventar. Dette er største eigedomen til kommunen. Det er lettare å prioritere det som er synleg enn det som er nedgrave, sa Steinar Aasgaard.

– Vi står framfor store investeringsbehov. Ein kan bli skremt når ein ser bilde frå kummar, sa Anne Grete Furuheim (Ap).

– Vi har hatt altfor mange år utan nokon plan. Her har vi noko å ta tak i, sa ordførar Iselin Jonassen.

Ho ynskte å leggje inn ei føring om at utbetring av vatn og avlaup skal samordnast med veg og fiber.

Kommunestyret vedtok samrøystes tiltaksplanen.

Steinar Aasgaard har frå talarstolen i kommunestyret etterlyst ein plan for vatn og avlaup fleire gonger. – Ein stor dag, sa Aasgaard da han og resten av dei folkvalde vedtok tiltaksplanen. Foto: Arve Danielsen
Martin Sletten orinterte om kor dårleg forfatning vatn- og avlaupsnettet i Vågåmo er. Bilde av kummar og røyr understreka alvoret i saka. Foto: Arve Danielsen