Det seier Jonny Gundersen, lensmann i Skjåk.

Eit firma som kallar seg Internkontroll Norge har over tid sendt ulike bransjar ein faktura på 7.500 kroner. Nå er svindelforsøket kome til Ottadalen. Ei bedrift i Lom fekk nyleg ein slik faktura i posten, og det er fort gjort å bli lurt. Fakturaen og informasjonen som er lagt ved har formuleringar som ber preg av at dette er ein offentleg instans og at rekninga er noko som må betalast.

– Men det er det ikkje. Dette er svindel. Meld frå til oss dersom du får ei slik rekning, eller anmeld saka via politiet si heimeside, oppmodar Jonny Gundersen.