Gevira hadde vore bedømt kvelden føreåt, av autorisert gevirdommar Tore Randen frå Sel.

Gevirutstillinga var ein del av arrangementet «Viltkveld i Ottadalen», som blant anna inneheldt foredrag og film.

Nærare 30 gevir vart stilt ut, av rein, rådyr, hjort og elg. Det var mange store, flotte gevir å sjå – og interessa frå publikum gjekk det heller ikkje an å klage på. Det var mykje folk!