Gjestar til Gjendesheim turisthytte og dei med fast plass på Gjendeosen parkerer som før.

– Statens vegvesen prøver å minimere ulempene for publikum, men byggjearbeid synest, høyrest og tek plass. Vi ber om forståing for dette, seier Grethe Kongshaug, plan- og prosessleiar for Gjendeosen/Reinsvangen i Statens vegvesen.

Frå 1. februar til 30. mai 2018 må publikum nytte parkeringa på Reinsvangen. Frå sommarsesongen 2018 kan publikum parkere på Gjendeosen.

Det nye parkeringsanlegget på Reinsvangen skal stå klart til sesongen 2019. Besøkjande skal frå den tid parkere på Reinsvangen.

På grunn av byggjearbeidet er kiosken på Gjendeosen stengt i påska 2018.

Opprustinga av Gjende er delt inn i tre byggjetrinn. I etappe ein får Gjendebåten ny brygge og lager. Parkeringa på Gjendeosen blir flytta til utvida parkering på Reinsvangen. Her blir det nytt sørvisbygg med sykkelparkering, sittebenkar og toalett. Parkeringsanlegget skal stå klart til sesongen 2019.

I andre etappe blir det laga vandresti langs Sjoa og ny bru skal knyte nord- og sørsida av elva saman. I siste etappe skal det setjast opp nytt sørvisbygg ved Gjendeosen. Bygget skal innehalde kafè, toalett og informasjon.

Målet er at heile anlegget skal stå ferdig i 2023.