Nei til tidlegopning

Tysdag skal fylkesutvalet avgjera våropninga til Sognefjellsvegen.

Skredutsett: Fylkesrådmannen meiner fare for skred og dermed liv og helse gjer at Sognefjellsvegen ikkje bør opnast før 1. mai.  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyheiter

Sognefjellsvegen er vinterstengt i perioden 10. november - 1. mai. Ofte gjer tilhøva det slik at vegen er open lenger utover hausten, men dette er regelen for vinterstenginga.

Både næringsaktørar og Lom kommune har ynskt ei tidlegare opning frå Rustasætre til Sognefjellshytta, og argumentert med at det ligg eit økonomisk potensiale for næringslivet, spesielt overnattingsbedriftene, om vegen blir opna tidlegare.

Det er gjort undersøkingar og analyser av skredrisiko på strekninga. Fylkesrådmannen let risikoen for skred og fare for liv og helse vega tyngst, og rår til at dagens ordning med opning til 1. mai blir ståande.

Fylkespolitikarane skal avgjera saka på møte tysdag.