Over 200 påmeldte

Musikk, dans, teater, film og kunstverk er blant det ungdomane skal syne fram under UKM på Otta i februar.

UKM: Martin Steinum Brun og Julie Garmo er båe involvert i UKM på Otta i februar. Her frå da dei deltok i fjorårets UKM.   Foto: Arkiv

Nyheiter

Den offisielle påmeldingsfristen er ute, og sundag kveld var 235 ungdomar frå Nord-Gudbrandsdalen påmeldt årets regionale UKM (Ung Kultur Møtes).

UKM blir arrangert i Otta kulturhus fredag 9. og laurdag 10. februar, og gjennom i alt tre framsyningar og til saman bortimot 80 innslag skal ungdomane syne fram sine talent på ein profesjonell arena.

Ein titt i deltakarlista viser at UKM-publikumet får oppleve musikk, dans, teater, konferansierar, film og kunstverk på scena i kulturhuset. Her blir det alt frå gamaldans, hiphop og lyrisk jazzdans, til korsong, dialogteater og rockeband.