Stor interesse for å drifte Gjendeosen/Reinsvangen

Interessa er stor for å drifte Statens vegvesen sitt turistanlegg på Gjendeosen/ Reinsvangen. Fristen for å melde inn tilbod går ut 13. februar.

Gjendeosen: Utbygginga på Gjendeosen starta hausten 2017. Statens vegvesen melder om stor interesse for å drifte turistanlegget på Gjendeosen/ Reinsvangen.  Foto: ARVE DANIELSEN

Nyheiter

– Dette er gledeleg. Drivaren blir ein viktig samarbeidspartnar for Statens vegvesen i utviklinga av eit godt driftskonsept for eit av Norges største reiselivsikon, seier Grete Kongshaug, plan og prosessleiar for utbygginga ved Gjende i ei pressemelding.

Anlegget skal driftast frå og med sesongen 2018, og målet er å ha på plass ny drivar i god tid før sesongen.

I tillegg til drift av kafé og sørvisbygg på Gjendeosen, kjem drift av parkering, transporttilbod mellom Gjendeosen og Reinsvangen, og parkeringsplass med sørvisbygg på Reinsvangen. Eksisterande kafébygning på Gjendeosen skal nyttast inntil ny bygning er på plass.

Opprustinga av Gjende som nasjonalt reiselivsikon er delt inn i fleire etappar.

I etappe ein får Gjendebåten ny brygge og lager. Parkeringa på Gjendeosen blir flytta til utvida parkeringsplass med eit moderne toalett på Reinsvangen.

Etappe to blir å knyte saman nord- og sørsida av Sjoa med bru slik at det blir mogleg med fleire og kortare dagsturar.

Siste etappe blir å bygge nytt sørvisbygg ved Gjendeosen. Bygget skal innehalde kafé, toalett og informasjon.

Målet er at heile anlegget skal stå ferdig i 2023.