Den 20. mai i fjor fekk Sol i skuggeskog æra av å spele under opninga av den spektakulære gondolbana i Loen. Blant dei mange gjestane var også Dronning Sonja som stod for den høgtidlege opninga av Loen Skylift.

På utsiktsbalkongen på toppen av gondolbana vart dronninga intervjua av Arne Hjeltnes der ho fortalde om sitt forhold til fjellet og om alle toppane i området ho hadde vore på.

Einar Lian-Bjørgum fortel at det å høyre dronninga og sjå på den fantastiske utsikta frå toppen, gjorde det heile til ei mektig oppleving.

I intervjuet med Hjeltnes reflekterte dronninga rundt det faktum at alderen er i ferd med å innhente henne og at det kanskje ikkje blir så mange fleire turar til fjells.

– Det var ei tydeleg bevega dronning som fortalde om dette, og det gjorde stort inntrykk, seier Lian-Bjørgum.

–På den siste plata vår er det ein låt som heiter «Helsing til fjella». Den har ei vakker tekst skrive av Finn Sandum, og den rører nettopp tankane som dronninga sette ord på, seier han.

Sidan denne maidagen har Lian-Bjørgum tenkt at dronning Sonja absolutt skulle ha fått høyre denne låta som han tykkjer passar fjelldronninga vår.

Før jul sendte han ei personleg handskrive helsing til dronninga. Ved julebrevet la han ved plata, der låta «Helsing frå fjella» vart Sol i Skuggeskog si julehelsing til dronninga.

Nå i januar kom svaret frå Slottet.

«H.M. Dronningen har bedt meg om å takke for det hyggelige brevet og CD´en «Den eine» som De har vært så vennlig å sende Hennes Majestet. Jeg er også bedt om at en hilsen overbringes de øvrige medlemmene i bandet Sol i skuggeskog.» skreiv slottssekretær Heidi Thingelstad.

– Kjempetriveleg å sjå at brevet og plata kom fram, og å få svar, seier Einar Lian-Bjørgum.

Dronning Sonja vart intervjua av Arne Hjeltnes under opninga av Loen Skylift i mai 2016, der ho fortalde om sitt forhold til fjellet. Eit intervju som gjorde inntrykk på Sol i skuggeskog. Foto: Loen Skylift