Vann 928.000 i Joker

Draumen om ferietur og ny bil gjekk i oppfylling for ei kvinne frå Skjåk som vart nesten-millionær onsdag kveld.

Nesten millionær: Programleiar May Lisbeth Midtgård Myrvang gav bort over 900.000 kroner til ei heldig skjåkkvinne under Joker-trekninga onsdag kveld.Foto: Nina Rundsveen/ Norsk Tipping

Nyheiter

Det var onsdag kveld at kvinna frå Skjåk vart trekt ut som Joker-kandidat i Norsk Tipping sitt Joker-spel.

Toppremien var 1,2 millionar kroner. Kvinna var allereie sikra 258.000 kroner i inngangssum.

Skjåkkvinna valte å la maskina «Ask» ta opp- og ned- vala på tala 7, 9, 0, 2 og 8. Maskina bomma på fyrste talet, men greidde dei resterande. Dermed vart premien 928.000 kroner.

– Eg sit her med tårer i auga. Nå blir det ny bil og sydentur, jubla kvinna til Norsk Tipping på telefonen onsdag kveld etter trekninga.

Sjansen for å bli trekt ut som Joker-kandidat er i fylgje Norsk Tipping om lag 1:350.000 per rekke onsdag, og 1:550.000 per rekke laurdag.