I fjor kjøpte Jon Bjørkheim og Odd Arne Dahlen ein brakkerigg av Statens vegvesen på Lillehammer. Denne vart sett opp på Kolbotn industriområde på Lalm. Nå står det to etasjes kontorbygget klart for utleige. Fyrste leigetakar er allereie på plass; Rune Borgan Isaksen i Norsk Sarkoidose Forening.

Såg behov

Bjørkheim og Dahlen i Kolbotn kontorfellesskap har 22 kontorplassar for utleige i det 440 kvadratmeter store bygget.

Her tilbyr dei ljose kontorlokal som vil bli tilrettelagt etter behov frå leigetakarar. Kontorbygget inneheld toalett, minikjøken og møterom.

– Vi såg eit behov for utleige av kontorplassar, seier Bjørkheim om satsinga.

Fellesskap

Nå har dei fått laga ei brosjyre der dei reklamerer med ledige kontorplassar. Målet er at dei er langt kome med å fylle opp bygget før sommarferien.

– Tanken er å skape eit fellesskap, der vi ynskjer å få inn fleire type bransjar som kan dra nytte av kvarandre, seier Odd Arne Dahlen.

– Det hadde vore triveleg å fått fleire tilflyttarar til Lalm og kommunen, seier Bjørkheim.

Han viser til at det på industriområdet er ledige næringstomter, og rett over vegen står næringsbygget Bårstadhallen klart for bruk.

Og nye bustadtomter på Lalm, vil gje folk ein plass å bu.

Gjev ros

Rune Borgan Isaksen håpar det snart kjem fleire folk inn i kontorbygget.

Han er medlemsansvarleg i Norsk Sarkoidose forening og har hatt kontorplass på Lalm sidan 2002.

Dei siste åra har han hatt kontorplass på samfunnshuset, men kombinasjonen av at samfunnshuset skal byggje om og etableringa av kontorfellesskapet, gjorde at han frå nyttår flytta opp til industriområdet.

– Eg flytta hit, ikkje minst på grunn av det sosiale. Men også på grunn av at det er ljose og flotte kontor, seier Borgan Isaksen.

Han tykkjer det er positivt at det skjer noko på Lalm og rosar Bjørkheim og Dahlen for at dei tør å satse.

Odd Arne Dahlen seier at tanken med kontorbyggeet er å skape eit fellesskap av fleire type bransjar. Foto: ARVE DANIELSEN