Før jul kunne handverksenteret midt i Lalm sentrum ta i bruk eit nytt produksjonslokale. Men vegen har vore kronglete før ein kunne setje spaden i jorda for nybygget.

Snikkarverkstad

– Vi ynskte å bevare snikkarhistoria som bygget har, men også vidareføre den med eit meir funksjonelt tilbygg, seier dagleg leiar Arne Sagdalen i Lalm handverksenter AS.

Det gamle bygget hadde vore snikkarverkstad sidan 1930-talet.

Lalm Handverksenter overtok bygget i 2009 etter Brødrene Løkken.

Att og fram

Arne Sagdalen fortel at dei har rive ein uisolert del av det eksisterande bygget på hundre kvadratmeter, og har sett opp eit nytt bygg på 150 kvadratmeter.

– Det nye tilbygget har ei penare fasade, seier Sagdalen.

Det er Sinclair bygg som har sett opp tilbygget.

Men det var mykje att og fram før bedrifta fekk gjennom byggjeplanane.

Kommunen såg helst at dei etablerte seg på industriområdet og avslo søknaden. Men etter at handverksenteret endra byggjeplanane, og ein kamp Sagdalen ikkje vil seie så mykje om, fekk dei byggjeløyve.

Flytta maskiner

– Utbygginga var nødvendig for at vi skulle utvikle produksjonen til å bli meir lønsam, seier Sagdalen.

– Vi har snudd om på det meste, seier Arne Sagdalen når han fortel om flytting av maskiner og utstyr inne i handverksenteret. Totalt rår dei over 400 kvadratmeter.

Maskiner er flytta, lakkrommet er gjort om, og ein har fått eit betre system over materiallageret.

Gamle vindauge

Lalm handverksenter satsar på produksjon av kjøken, senger og garderober.

Sagdalen fortel at dei har fått innreiing av hytter i det nye hyttefeltet i Sjodalen.

– Vi har også mykje restaurering av gamle vindauge, seier han.

I løpet av året skal handverksenteret byggje om delar av det gamle lokalet med nytt kontor, kvilerom og garderober.

Lalm handverksenter satsar på produksjon av kjøken. Her står Arne Sagdalen med ei dør til eit kjøkenskap som er under produksjon. Foto: ARVE DANIELSEN