Felles politiråd i Ottadalen

Tysdag vart avtalen om felles politiråd for Lom, Skjåk og Vågå underskriven.

Avtale: Avtalen om felles politiråd vart underskriven tysdag. Frå venstre: Rådmann i Vågå, Knut Helge Rønning, lensmann Tor Trønnes, skjåkordførar Elias Sperstad, regionlensmann Erik Trønnes, lomsordførar Bjarne Eiolf Holø og lensmann Jonny Gundersen. Foto: Ola Rossehaug

Nyheiter

Politidirektoratet har pålagt alle politidistrikt om å ta initiativ til eit meir formalisert samarbeid mellom politi og kommune. Målet er at kommunar og politileiing tek eit felles ansvar for kriminalitetsførebygging og tryggleik i lokalsamfunnet.

Deltakarane i politirådet skal leggje vekt på tett samarbeid med viktige samarbeidspartar lokalt, som til dømes barnevern, NAV, barnehagar og skular. Politirådsamarbeidet kan nyttast til alle kriminalitetsutfordringar.

Politirådet skal bestå av ordførar og rådmann, lensmann og politikontakt i den enkelte kommune. Det skal gjennomførast minst to møte kvart år.

Lom kommune, Skjåk kommune og Vågå kommune vedtok alle, i fjor, å inngå avtale om felles politiråd i Ottadalen.