Temaet for møtet er moglegheiter og erfaringar med dyrking av grønsaker i Nord-Gudbrandsdalen.

Innleiarar på møtet er Ole Morten Nyborg, Thea Grobstok Dalen og Eivind Øvrelid.

Ole Morten Nyborg er produktkonsulent potet og grønsaker i Norgro. Han har tidlegare vore tilsett i Norsk landbruksrådgjeving Innlandet, der han i mange år jobba som rådgjevar mot potet- og grønsaksdyrkarar.

Thea Grobstok Dalen driv firmaet «Rå saker» på Nordgard Råstad i Vågå.

Eivind Øvrelid har i mange år drive med mjølkeproduksjon og økologisk grønsaksproduksjon på garden Søre Hosar i Skjåk.