Skjåk Utleigebygg AS har søkt Skjåk kommune om dispensasjon frå reguleringsplanen.

I 2014 fekk Skjåk Utleigebygg AS dispensasjon til å byggje inntil tre leilegheiter. Alle desse er bygt ferdig – og utleigd.

Nå er det meir ledig i andre etasje, ettersom Skjåk kommune har flytta ut vaksenopplæringa. Skjåk Utleigebygg AS opplyser i søknaden at det har synt seg vanskeleg å få leigd ut lokala til næringsføremål, og at dei av den grunn søkjer om ein generell dispensasjon for andre etasje. På det viset vil dei få valet mellom å leige ut til næring eller bustad.

Rådmannen er positiv, og slår fast at han ser fordelar ved ei omdisponering.

– Mange ynskjer enkle leilegheiter som er sentralt plassert og utan tomt, skriv rådmannen i saksutgreiinga. Han peikar på at Ringebu har gode erfaringar med å etablere bustader i sekundæretasjer i forretningsbygg.

Miljø- og næringsutvalet får saka til behandling neste veke.