Det er FolkRekrutt som står bak kurset. Prosjektet er retta mot dei som spelar eit instrument, eller som har lyst til å lære seg folkedans eller folkesong. Fjuken har vandra frå klasserom til klasserom, har høyrt mykje god musikk og fått mange gode kommentarar. Somme syng, andre spelar trekkspel, toradar eller fele. Alle ungdomane vi prata med, uttrykte glede over det dei var med på. Ikkje berre var det spennande å lære mykje, det var sosialt òg, uttrykte dei. Eller som toraderguten Jens Lyngved så elegant uttrykte det: – Eg blir så inspirert!

På kvar FolkRekrutt-samling får ungdomane besøk av ein lokal kulturberar. På samlinga i Vågå er det Amund Bjørgen som har fått det ærefulle oppdraget. På spørsmål om han har registrert mange talentfulle ungdomar, svara han ja.

– Men det handlar mest om å stå på. Ein må øve, øve og øve. Det er ingenting som kjem av seg sjølv, konstaterte han.

Les meir og sjå fleire bilde i papiravisa.