Ny distribusjon av papiravisa frå denne veka:

Fjuken på morgonkvisten

Frå denne veka kan du lesa Fjuken på papir til morgonkaffien på torsdagar.

Kjem om morgonen: Frå denne veka får abonnentane i Ottadalen Fjuken i postkassa om morgonen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Fjuken har valt å skifte distributør av papiravisa. Frå denne veka er det Innlandet Distribusjon, som leverer regionavisa GD og andre lokalaviser i dalen, som skal levere Fjuken.

Dette vil medføre at abonnentane i Ottadalen vil få papiravisa på morgonkvisten og kan lesa Fjuken til morgonkaffien sin på torsdagar.

– Vi i Fjuken har stor tru på dette, og håpar at også abonnentane får stor glede av å lese avisa allereie om morgonen, seier dagleg leiar Asta Brimi.

Også store delar av abonnentane i det indre austlandet vil få papiravisa på utgjevardagen med ny distribusjon.