Øystein fekk sitt fyrste legosett da han var 4-5 år gamal. Det var kjøpt på Koopen i Lom. Etter det balla det på seg, men da Øystein tok til på ungdomsskulen vart lego-interessen plutseleg borte. For ti år sidan, etter ei opprydding i barndomsheimen, fann Øystein Garmo att ein haug med legosett og legoklossar frå da han var liten.

– Det var ferdigbygde modellar og eskar og sekkar med klossar. Da byrja eg å bygge lego att, og har ennå ikkje greidd å slutte, smiler Øystein Garmo.

Størst og dyrast

Øystein Garmo, som bur i Knutstugu i Vikedalom i Lom, har ei stor samling med ferdigbygd lego. Han har også kilovis med usorterte og sorterte legoklossar.

– Nyleg kjøpte eg ein pappask med 17 kilo usortert lego av ein person på nettet, seier Øystein.

Han viser oss legosamlinga si. På kjøkenbenken har han sett fram den nyaste og største i samlinga. Det er forresten den største og dyraste ein kan få tak i av legosett også.

– Denne kosta 8.500 kroner, og modellen består av 7.500 brikker, seier lego-entusiasten.

Modellen er «Millennium Falcon» frå Star Wars, og i fylgje Garmo vart settet utseld ti minutt etter at det vart lagt ut for sal på nettet.

– Eg sat klar med visakortet mitt, og fekk sikra meg ei utgåve, seier ein stolt Øystein.

Så langt er ikkje modellen å få kjøpt i Noreg, men den kjem visstnok utpå nyåret. «Millennium Falcon» er eit samleobjekt, og Øystein meiner han ville fått att fleire gongar meir enn det han kjøpte det for, om han hadde seld modellen.

– Eg brukte 20 timar på å bygge modellen. Nesten eit døgn. I strekk, seier Garmo.

Når han tek fatt på eit nytt legosett, driv han nemleg på til han blir ferdig.

– Set eg meg ned, blir eg drivande. Eg tenkjer ikkje over klokka, så det har vore mange seine kveldar og netter med lego-bygging, seier han.

Stort sett er det gjort på nokre timar for Øystein å bygge eit legosett, sett bort frå dei største som er meir utfordrande.

Store verdiar

Om Øystein Garmo skal tippe på kor mykje han har handla lego for, tippar han ein stad mellom 50.000 og 100.000 kroner.

– Eg kjøper lego i alle prisklasser, frå dei heilt små og enkle setta, til dei store og meir kostbare, seier Øystein.

Han vedgår at lego er ein dyr hobby, og når han har handla seg eitkvart, kan det gå ei stund til neste investering. Lego handlar han anten på store nettbutikkar, eller når han er ute og reiser.

– Det hender seg at det er butikkar som har kampanjar på lego, som til dømes 40 prosent rabatt, og da passar eg sjølvsagt på, seier Øystein.

Eige rom på loftet

I andreetasjen i Knutstugu har Øystein eit eige rom der han sit og sorterer og bygger. Her har han også fleire både ferdigbygde og halvferdige modellar ståande, plastkasser med sorterte legoklossar og store pappeskar med usorterte klossar.

– Det er mykje arbeid å sortere lego, men eg bestemde meg for å sortere klossane etter storleik og fasong framfor farge. Da veit eg nemleg at i denne kassa er det berre denne storleiken, seier Øystein, og viser fram ein legokloss.

Han opnar eit nytt legosett, eit lite eit, og bygger det ferdig på eit blunk. Fingrane hans går som trommestikker. Han har det i fingrane.

– Heldigvis har Lego vorte mykje flinkare til å lage bruksrettleiingar. Nå får ein opplyst kor mange brikker ein treng av kvart slag på kvar side, det fekk ein ikkje vite før, seier Øystein.

Han har ikkje tal på kor mange ulike sett og modellar han har i samlinga si, men sjølv om det er mykje, er det ingenting som tilseier at han ikkje skal ha meir lego.

– Eg har mange ynskje og planar, smiler Garmo, som meiner han må vere ein grei person å handle gåver til.

Om einkvan likevel skulle vera i tvil om kva dei skal kjøpe, kan kanskje ein tur til Legoland i Danmark vera aktuelt.

– Der har eg faktisk aldri vore, men eg har lenge tenkt at eg skulle ha fått vore der. Nå må eg snart gjere alvor av det. Kanskje får eg meir inspirasjon også, smiler lego-entusiasten i Knutstugu.