Den 9. og 10. februar blir årlege lokalmønstringa av UKM arrangert i Otta kulturhus.

UKM, som står for Ung Kultur Møtes, er ein kulturarena der ungdom frå 10 til 20 år kan vise fram det dei er gode i, samt bli kjend med likesinna.

Arrangementet går for seg over tre framsyningar, ei for juniorane (10-12 år) og to for seniorane (13-20 år).

UKM er ope for det aller meste, anten ein er glad i å stå på scena, vil delta med kunstverk eller film, eller om ein likar best å arbeide med å ta bilete og video av UKM-helga.

– Det er to krav for å vere med – det er at du er gamal nok, og at du har lyst, seier Ung arrangør Julie Garmo frå Lom.

Påmeldingsfristen går ut 15. januar.