Måndag morgon har det gått eit snøskred i Grasdalen. Webkameraet syner at ein bil har køyrt seg fast og at ein brøytebil kjem for å hjelpe.

Riksveg 15 er sjølvsagt stengt på grunn av dette.

Til Nrk seier Statens vegevesen at dei vurderer å sende inn geolog for å vurdere kor vidt det er mogleg å opne vegen. Brøytemannskap er på plass.