RIksveg 15 er framleis stengt på fjellet. Stenginga gjeld inntil vidare.

Laurdag er det meldt stri vind og mykje nedbør på fjellet, og det er fyrst og fremst rasfare som gjer at vegen er stengt.

I Skjåk har det regna heile natt til laurdag, og det regnar framleis laurdag føremiddag.

Det er meldt noko betre vêr sundag.