Historiske vandreruter er eit samarbeid mellom DNT og Riksantikvaren som skal bidra til at gamle ferdselsårer blir kjent for sin unike kulturarv og får nytt liv som attraktive turruter.

Prosjektet vart starta opp i 2012, med lansering av sju Historiske vandreruter i 2015 og 2016. Dette blir vidareført neste år, takka være finansiering frå Sparebankstiftelsen DNB.

Det er DNT som skriv om dette på si nettside.

Den gamle ferdselsvegen over Kamperhamrane som går frå Skjåk gjennom Raudalen til Sunndalen i Oppstryn, vart opna i 2015.

Dei nye Historiske vandrerutene ligg i ulike delar av landet og viser fram bitar av norsk historie: seterkultur, handelsvegar, fangstruter og den tidlegaste turistferdselen i fjellet.

Laurdag 30. Juni overrekker DNT saman med Riksantikvaren den nye historiske vandreruta «Klassisk høgfjellsrute i Jotunheimen», i jubileumsgave til Gjendesheim, Gjendebu, Torfinnsbu og Fondsbu.Den historiske ruta tek folk med på vandring frå Gjendesheim til Fondsbu gjennom nokre av Fjell-Noregs flottaste natur - ramma inn av fjellsjøane Bygdin og Gjende.

Her er nokre av dei kulturhistoriske godbitane ein kan bli betre kjent med langs ruta:• Gjendesheim: Jo Gjende• Besseggen: Peer Gynt / Bukkerittet• Memurubu: Tre i Noreg ved to av dei • Gjendebu: Gjendine Slålien / Nasjonalromantiske kunstnarar• Torfinnsbu: Reist av materialane frå Tvindehougen – DNT si aller fyrste hytte / tindesporten si vogge i DNT-samanheng• Fondsbu/Eidsbugarden: Aasmund Olavsson Vinje – Jotunheimen sin namnefar og stiftar av DNT. På tre av etappane langs den historiske vandreruta kan ein sende bagasjen med dei historiske turistbåtane på Gjende og Bygdin.

Dei tre andre historiske vandrerutene som blir lansert neste år er stølsvandring i Valdres, Gamle Hadelandsveg gjennom Nordmarka, Reisaleden i Nord-Troms. På historiskevandreruter.no kan ein «oppdage» vandrerutene etterkvart som dei blir lansert, planlegge turar og finne lenkar til spennande historie.

Ruta over Kamperhamrane som går frå Skjåk til Sunndalen i Oppstryn var opna i 2015 av generalsekretær Nils Øveraas i DNT og daverande ordførar i Skjåk, Rolv Kristen Øygard. (Dei står til høgre for skiltet.) Foto: ARVE DANIELSEN/ARKIV