Eit samrøystes regionråd for Nord-Gudbrandsdalen samla seg rundt forslaget frå valkomiteen om Iselin Jonassen som ny regionrådsleiar og Mariann Skotte som nestleiar.

– Det er ei spennande tid å vere leiar på, seier Iselin Jonassen etter møtet i regionrådet på Otta fredag.

Ho viser til Gudbrandsdalstinget og målsetjinga om å samle dalen og dølabyen Lillehammer til ein region. Det skal nå setjast ned ei arbeidsgruppe frå dei tre regionane i dalføret, som skal arbeide med dette.

– Det er viktig å posisjonere seg nå som regionen vår vil bli ein utkant i det nye storfylket, seier Jonassen.

Ho seier det nå blir ekstra viktig at kommunane i regionen står samla i dei viktige sakene framover.

Jonassen er klar på at Otta framleis skal vere regionsenteret.

Kari Hølmo Holen var siste regionrådsleiar frå Vågå.