Endeleg vedtak frå Fylkesmannen:

Tillet miljøstasjon i Aurmo

Fylkesmannen i Oppland gjev tillating til etablering og drift av ny kommunal miljøstasjon i Aurmo i Skjåk.

Ja til Aurmo: Fylkesmannen i Oppland har gjeve NGR tillating til å etablere og drifte ny kommunal miljøstasjon i Aurmo i Skjåk.Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS (NGR) skal ha det daglege driftsansvaret for den nye miljøstasjonen i Skjåk, og søkte i april Fylkesmannen om tillating til drift av ny kommunal miljøstasjon i Aurmo.

Fylkesmannen har nå sluttbehandla søknaden, og har gjeve NGR tillating til å etablere og drifte ein ny miljøstasjon i Aurmo.

Miljøstasjonen i Bismo blir dermed lagt ned.

Vedtaket til Fylkesmannen kan påklagast innan tre veker.

Bakgrunnen for ynsket om å flytte miljøstasjonen frå Bismo, er at Skjåk kommune ynskjer å leggje til rette for ei utviding av arealet for bedrifta Glasopor AS. Kommunestyret vurderte fem alternative lokaliseringar i møte i mars, der industriområdet i Aurmo samla sett vart vurdert som mest eigna.