Sist sundag gjekk cupfinalen av stabelen på Ullevaal Stadion. Til sommaren blir det større fart og spenning. Da skal André Villa forvandle stadion til ein ekstremsportarena.

Det er VG som skriv dette.

André Villa vil invitere dei beste i verda innan ei rekkje disiplinar, både med og utan motor, til å lage show på Ullevaal Stadion.

Nokre av dei beste i verda skal delta, alt frå sparkesykkel og BMVX til freestyle motocross (FMVX), supercross, speed and style og snøskuter kjem til Oslo i juni.

– Freestyle motocross er idretten eg konkurrerte i, og eg skal få ta i dei råaste atletane i verda og leggje til rette dei sjukaste triksa i verda, seier André Villa til VG.

– Det mest ekstreme kan vere dei minste køyretøya, sparkesykkelen, seier han.

Det var Ullevaal Stadion som tok kontakt med André Villa om å lage eit ekstremsportshow.

– Å få moglegheit til å lage mitt eige show og køyre sykkel på respektfulle Ullevaal Stadion trudde eg aldri kom til å skje. Eg føler meg priviligert og enormt motivert, seier Villa til VG.

Villa vil byggje historias største bane på Ullevaal Stadion. 400 lastebillass med jord må til for å byggje dette.

Far Kjetil Villa, vil nok få ein finger med i spelet når det gjeld dette arbeidet.

Andre Villa kjenner seg prviligert og motivert til å lage sitt eige show. Foto: ARVE DANIELSEN/ARKIV