Fredag 1. desember er røykvarslarens dag - dagen for å teste og skifte batteri i røykvarslaren.

Ved brann i heimen handlar det om minutt og sekund for å redde liv. Røykvarslarane er heimens viktigaste livreddar og bør bli testa jamnleg. Det er også viktig å hugse å reingjere dei innimellom. Brannvernforeininga oppmodar om å støvsuge på svak styrke, slik at ein fjernar støv og andre lause partiklar som har samla seg opp.

I byggteknisk forskrift om tekniske krav til byggverk heiter det at det må vera minst éin røykvarslar per etasje, og at røykvarslarar i bustaden må dekke områda kjøken, stove, sone utanfor soverom, og tekniske rom.

Brannvernforeininga oppmodar alle om å skifte batteri i røykvarslarane 1. desember, på røykvarslarens dag. Men hugs at også sjølve røykvarslaren bør testast med røyk, og eventuelt skiftast ut. «Test»-knappen på varslaren er berre ein indikator på om batteriet fungerer.