– Den idylliske familiegarden i Vågå, som til dagleg er i bruk som gardshotell, går dermed inn i ein eksklusiv gruppe av kulturarvopplevingar utanom det vanlege, skriv Norsk Kulturarv i ei pressemelding.

Nordigard Blessom, som er ein tradisjonsrik 1700-talsgard, ligg i solsida over kommunesenteret i Vågå. Garden er framleis i drift med sau.

Drivar av gardshotellet, Sissel Horntvedt Olsen, vart overraska med Olavsroseplaketten av direktør i Norsk Kulturarv, Erik Lillebråten, under eit arrangement på garden fredag kveld. Dotter i familien, Ingrid Blessom, set stor pris på at Nordigard Blessom nå er innehavar av kvalitetsmerket Olavsrosa.

– Å restaurere Nordigard Blessom var ein draum vi bar på lenge. Etter fleire år med omsorgsfull restaurering kan vi nå ynskje velkomen til historiske tømmerhus frå 17- og 1800-talet – slik at alle skal kunne kjenne nærleiken og kjærleiken til den rike kulturhistoria i Nord-Gudbrandsdalen saman med oss, seier ho.

Ho er svært takksam for tildelinga.

– Å få Olavsrosa er for oss ei anerkjenning for arbeidet som er gjort. Olavsrosa står for kvalitet og er knytt til formidling og oppleving av kulturhistoria vår. Olavsrosa symboliserer ein grunnleggjande respekt for fortidas kultur- og skaparevne, samstundes som ho formidlar kunnskap, glede, nytte og spenning knytt til vår eiga tid og idear vi ynskjer å formidle, seier Blessom, og slår fast at dei er stolte over å føre den norske kulturarven vidare, ved bevaring og vern gjennom bruk.

Erik Lillebråten, direktør i Norsk Kulturarv, seier at det under styrebehandlinga var liten tvil om at garden tilfredsstilte kriteria for Olavsrosa.

– Opprustinga og utviklinga av Nordigard Blessom til gardshotell passar svært godt inn i Norsk Kulturarvs visjon om «vern gjennom bruk». Dette er eit godt døme på tilrettelegging for kommersielt verksemd i og rundt kulturminne, kommenterer Lillebråten.