Bodfristen på Nordberg skule er over. Det høgste bodet kom på 450.000 kroner.

Det er Afrim Krasniqi i NorHjem AS som står bak bodet. Førre veke fortalde han Fjuken at NorHjem AS er eit «sovande» selskap.

– Det er min bror og eg som står bak bodet og som har planar for kva bygget skal brukast til. Vi har allereie lagt mykje tid, arbeid og pengar i prosjektet. Eg må seia vi er svært spente på om vi får tilslaget eller ikkje, sa han.

Trass i at Afrim Krasniqi har det høgste bodet, er det ikkje sikkert at han får tilslaget.

Saksbehandlar Ove Jon Plassen fortel at dei tre personane/selskapa som har gjeve inn dei tre høgste boda nå vil få brev frå Skjåk kommune.

– Vi ber dei om å fortelja oss om kva prosjekt eller forretningsidè dei har og i det heile kva dei vil bruke Nordberg skule til. Det høgste bodet vart som sagt på 450.000 kroner, vi fekk òg eit bod på 420.000 kroner – og eitt på 300.000 kroner. Det er desse tre som nå vil få brev frå Skjåk kommune, og dei har fått ganske stutt svarfrist.

– Er det lokale bodgjevarar blant desse tre?

– Nei, ingen av dei er lokale. Eg veit ingenting om dei, heller ikkje kva forretningsidear dei har. Faktisk er det ingen lokale bodgjevarar på Nordberg skule i det heile tatt, svarar Ove Jon Plassen.