Fleire hundre ottadølar fekk del i ein konsert med ein musikalsk institusjon i Utgard torsdag kveld.

Godt vaksne hugsar NRKs gutekor best frå tida da matrosdressane var kvite og svarte. Det var da høgtida starta - da Sølvguttene song jula inn gjennom TV-ruta.

Koret under leiing av Fredrik Otterstad baud på klassiske korperler og tradisjonelle julesongar.

Gutar frå 8 år og fram til stemmebanda slår krull på seg, saman med «gamle» bassrøyster, gav vellyd av ypparste klasse slik at til og med trauste ottadølar kom med spede «bravo» og tilløp til engasjert huing og rungande applaus.

Som eit sidesprang lyt vi seia at det var befriande å sjå gutungane på scena klø seg litt på nesa, koma med ein liten gjesp eller vri seg litt utolmodig - som andre åtteåringar.

Når desse små karane får ut av seg dei reinaste tonar, går vi ut att i vinterkvelden og tenkjer at både vi og dei er heldige som får oppleva slikt.

Det er eit kunststykke i seg sjølv å bukke med tente ljos. Foto: Hans Erik Kjosbakken