Ingen blir spart i budsjettprosessen - alle må spare. Det er eit lite lysteleg budsjettframlegg administrasjonssjef Ola Helstad legg fram for formannskapet neste veke.

– Det er admininstrasjonens plikt å legge fram budsjett i tråd med politiske prioriteringar. Av vesentleg betydning for dette er utbyggingsprosjektet innan pleie og omsorg og at kommunestyret har bestemt at eigedomsskatten skal avviklast, innleidde Helstad med.

Det siste fører til ei utfasing av inntektene til kommunen med om lag 2,5 millionar i løpet av økonomiplanperioden.

10 millionar

Allereie denne veka hadde Helstad ein gjennomgang og ein presentasjon av korleis administrasjonen foreslår å få kommunebudsjettet i balanse. Det er ei utfordring når underbalansen er på om lag 10 millionar kroner når fleire inntekter minkar og mange utgifter aukar.

Eigedomsskatten skal bort, den same skatten på verker og bruk blir redusert og integreringstilskotet blir nær 4,5 millionar mindre. Det siste vil òg gjera utslag på utgiftssida. Utgiftene til flyktningar blir nær 2,5 millionar kroner mindre.

10 årsverk

Budsjettet skal gå i null, og for å få til det må Lom kommune kutte.

– Om lag 10 årsverk må bort, sa Helstad til formannskapet. Prosessen kring dette er i gang. I beste fall vil vi klare dette med naturleg avgang eller mellombelse fråver frå stillingar - i verste fall må fire-fem tilsette seiast opp, sa han. Nivået på føreslege reduksjon av stillingar i kommunen har aldri vore høgare, sa Helstad.

Alle sektorar blir berørt; skulane, barnehagane, teknisk, kultur, bibliotek, helse og pleie og omsorg.

– Vi må berre akseptere at tenestenivået vil gå ned, men situasjonen gjer oss også svært sårbare. Det kan for eksempel koma svært ressurskrevjande enkeltvedtak vi ikkje ser i dag, sa Helstad.

Mindre til friviljuge

Også kyrkja, friviljuge lag og organisasjonar og reiseliv og landbruk får merke trongare tider, og vil få overføringane frå kommunane redusert med om lag 50.000 kroner kvar.

– Å redusere overføringar til desse sit langt inne, men det gjer jo det meste av det vi gjer i ein slik prosess, sa Helstad.

Andre må ta sin del

Ola Helstad sa elles at han er usikker på om det interkommunale og regionale samarbeidet har vore utfordra nok.

– Det er naturleg at andre mottakarar også må ta sin del, sa han.

– Meir interkommunalt samarbeid er ikkje løysinga, repliserte ordførar Bjarne Eiolf Holø. Det lyt nok til større strukturelle endringar, sa han.

Spenstige investeringar

Lom kommune har også eit spenstig investeringsprogram framfor seg dei komande åra, med planlagde utbyggingar i pleie og omsorg. Her er ein allereie i gang med å justere ambisjonsnivået utifrå ynskte planar. Ein kan ikkje leggje på seg større driftsutgifter enn ein klarar å takle med minkande inntekter, verkar å vera eit samstemt mantra hjå politikarane.

Det var eit fatta formannskap som tok imot Helstad si orientering. Nå skal budsjettframlegget studerast nøyare før det skal formelt på bordet neste veke.

Idretten får mindre frå kommunen frå neste år. Foto: Hans Erik Kjosbakken