Kommunesamanslåing og økonomiplan for Skjåk kommune

I samband med økonomiplan for Skjåk kommune går vår rådmann sterkt ut og vil at alle tre Ottadalskommunane skal slå seg saman til ei kommune, og at vi skal innføre eigedomsskatt på alle hus og hytter i Skjåk Kommune. Hovudbakgrunnen for forslaget er at han ikkje klarer å få økonomiplanen til å hengje i hop nå og i framtida. Skjåk AP har åtvara i sterke ordelag mot denne økonomiske utviklinga, og har lagt fram mange og gjentekne forslag i kommunestyret for å ikkje koma i ein slik situasjon.

Kva vil så ei kommunesamanslåing føre til for Skjåkverane?

Det vi med stor sikkerhet vil oppleva er at tenester og arbeidsplassar etter kvart vil forsvinne frå Skjåk, tenestenivået blir redusert, og vi må reise lenger for å få brukt delar av dei kommunale tenestene. Det er til dømes gale nok at vi må reise til Otta for legehjelp utanom kontortid, om vi ikkje til slutt må reise lenger og lenger nedover dalen for å få hjelp på dagtid også. Rådmannen trur altså at dette skal løne seg, men her tek han feil. Ei samla Ottadalen kommune vil i ei overgangsperiode behalde inntektene som at dei var tre kommunar. Etter det vil vi sitja att med dei same økonomiske utfordringane som alle andre kommunar i Norge når støtteordningane fell bort. Det som Skjåkverane til slutt sit att med, er at vi er prisgjevne andre i ei storkommune korleis vi skal utvikle oss vidare.

Mange gardbrukarar i Skjåk prøvde noko liknande for ein del år attende. Staten la til rette for at gardbrukarane skulle kunne gå saman og byggje felles fjøs. Fordelen med dette var sjølvsagt å samle ressursane, få meir friheit og effektiv drift som til slutt skulle føre til større lønsamheit. Det som til slutt skjedde var at den enkelte gardbrukar fekk redusert eller fjerna mykje av støtteordningane slik at ein økonomisk ikkje kom ut av dette på ein god måte, slik ein var forespegla.

Kva så med økonomien i Skjåk Kommune?

I utgangspunktet er vi ei av dei kommunane som har størst økonomiske ressursar i vårt land i forhold til folketalet, og vi har meir enn dobla våre inntekter sia øvre Otta utbyggjinga. Bortfall av inntekter fram til i dag har vore svært beskjedne i forhold til det andre kommunar har opplevd. Hovudproblemet er at vi har lagt oss til eit alt for stort utgiftsnivå, og at vi nå etter kvart vil få ein altfor stor gjeldsgrad som vil øydeleggje vårt økonomiske handlingsrom. Dette har Skjåk AP åtvara sterkt mot over lang tid, og vi har blant anna frykta at forslag om innføring av eigedomskatt, som vi er heilt i mot, ville koma. På bakgrunn av dette har Skjåk AP blant anna stemt mot dei vedtekne budsjett for år 2016 og 2017, da vi har meint at dei ikkje var stramme nok, og fordi det var i direkte strid med Skjåk kommune sin økonomiske handlingsregel.

Skjåk AP meiner også at den økonomiske gjennomføringsevna og oversikta ikkje er god nok i Skjåk Kommune. Etter spørsmål frå kommunestyret nå i haust kunne rådmannen to gongar forsikre kommunestyret om at han i år ville leggje fram eit budsjett etter dei økonomiske handlingsreglane, for som han sa: «eg har lært frå fjorårets budsjetthåndtering». Det som til slutt vart lagt fram overraska ikkje Skjåk AP i det heile tekje da det viser seg at dei økonomiske problema nå er verre enn nokon gong, og at rådmannens forsikring til kommunestyret vart ettertrykkjeleg brote. Hovudproblema er:

  • Budsjettunderskotet er større i år enn i fjor.

  • Gjeldsgraden aukar.

  • Innføring av eigedomskatt.

  • Auka bruk av næringsfondet til kommunal drift.

Skjåk AP meiner at vårt hovudproblem er manglande politisk og administrativ gjennomføringskraft for å få økonomien i Skjåk kommune på plass igjen, og at ein ikkje kan investere over evne.

Skjåk AP har stor tru på at Skjåkbygda skal utvikle seg på ein positiv måte i framtida på grunn av våre store ressursar. Ein føresetnad for å få til ei positiv utvikling er at fleirtalet i kommunestyre som har generert og vedteke det utgiftsnivået vi nå har, tek ansvaret for situasjonen slik at Skjåk kommune blir styrt etter dei vedtekne økonomiske handlingsreglane. Noko anna blir å føre ein økonomisk uansvarleg politikk der vi samtidig kan miste vår evne til å vidareutvikle Skjåksamfunnet.

Skjåk AP

Odd Joar Ramstad

Eva Therese Hyrve Bosmen

Bernt Dahl

Stig Erlend Banken