«Heile» Noreg engasjerte seg da Tine ville legge ned ysteriet på grensa mellom Lom og Skjåk tidleg på 2010-talet.

I dag er ysteriet eitt av berre tre anlegg som produserer G35, eller raudost, og det einaste gryteanlegget i Tine.

Meierisjef Jens Hagen kan fortelja at hovudproduktet naturleg nok er G35, men at dei har teke over ei rekkje andre produkt frå Tine-anlegg som anten er nedlagt eller har vore gjennom omstillingar.

– Den eines død, den andres brød, seier Hagen og veit godt korleis det er å kjempe for både anlegg og arbeidsplassar.

13 millionar

Tine satsar nå på Lom og Skjåk, og det er sidan 2011 investert om lag 13 millionar kroner til ulike oppgraderingar og produksjonsutstyr.

Eksport

I tillegg til å produsere den vanlege raudosten, lagar dei også ulike variantar av brunosten. Mellom anna lagar dei ein «karamellvariant»; Bestemorost. Denne blir eksportert mellom anna til USA under namnet Caramore.

Den vanlege G35 er på tur til å bli stor internasjonalt. Til USA går han som kvartkilos-pakningar under namnet Ski Queen.

– Vi produserer nær 600 tonn ost til utlandet, og meir vil det bli. Vi kan bli spent i beit etter kvart, seier Hagen med eit smil.

Historie og kvalitet

Det har vore produsert raudost på ysteriet på grensa mellom Skjåk og Lom sidan 1924, og osten har oppigjennom åra vunne mange medaljar for kvaliteten.

Frå februar neste år vil det vera 18 tilsette ved anlegget.

Dei tilsette trivst på ysteriet. Her er Vidar Heggebotten og Olle Øjeskog i munter passiar. Foto: Hans Erik Kjosbakken
Skjåkordførar Elias Sperstad får servert fersk og varm G35 av meieristyrar Jens Hagen. Foto: Hans Erik Kjosbakken