Han peikar på at driftsutgiftene i Skjåk er for høge i høve driftsinntektene, og at dei budsjettansvarlege i administrasjonen har snudd mange steinar for å redusere utgiftene.

Skjåk kommune er på mange måtar godt budd på framtida med gode anlegg, høge kraftinntekter og høgt driftsnivå på tenestene. Det er likevel store utfordringar, og desse har vore aukande. Folketalet går ned og dette reduserer inntektene. Frå 2017 fekk kommunen redusert overføringane frå Skjåk energi med fleire millionar kroner, eigedomsskatten går ned på kraftanlegg, det blir gjennomført store investeringar og det er ynskje om ytterlegare store investeringar. Renter og avdrag aukar. Vidare har kommunestyret vedteke å redusere bruken av næringsfond internt, for å auke satsinga på bedrifter og landbruk.

– Nedgang i inntektene kombinert med kostbare investeringar og auka kostnader, gjer det utfordrande å få balanse i budsjettet, skriv rådmannen, som i økonomiplanen legg fram eit forslag som vil auke inntektene: Innføring av eigedomsskatt på alle bustader og hytter.

Skjåk kommune har eigedomsskatt på verk og bruk. I forslaget til økonomiplan foreslår rådmannen å innføre eigedomsskatt på alle bustader og hytter med verknad frå 2020.

– Dersom kommunestyret sluttar seg til forslaget, vil det vera behov for å bruke åra 2018 og 2019 til å oppdatere matrikkel og måle opp bygningsmasse. Eigedomsskatt i heile kommunen er naudsynt for å kompensere for reduserte inntekter, meiner rådmannen.

I rådmannen sitt framlegg ligg det inne mange ulike forslag til kutt i utgifter. Blant anna foreslår rådmannen å kutte kraftig i administrative stillingar i løpet av 2018:

* 100 prosent assisterande rådmann. Endringa skjer ved naturleg avgang i stillinga plan-, miljø- og beredskapssjef.

* 80 prosent sekretær ved servicetorget som følgje av naturleg avgang.

* 50 prosent kulturkonsulent som følgje av naturleg avgang.

* 50 prosent flyktningkonsulent.

* 50 prosent saksbehandlarstilling ved Tildelingskontoret som følgje av naturleg avgang.

* 100 prosent opppmålingsingeniør som følgje av naturleg avgang.

– Stillingane blir ledige på ulike tidspunkt. Effekten for 2018 blir stipulert til 2,4 årsverk, medan full effekt frå og med 2019 betyr ein reduksjon med 4,0 årsverk, kommenterer rådmannen, som peikar på at det òg vil bli ledig ei 30 prosent konsulentstilling ved nærings- og landbruksavdelinga ein gong i 2018. I takt med gjennomføring av fleire strukturelle endringar i oppvekst- og utdanningssektoren vil òg kommunalsjefstillinga der bli vurdert.

– Men reduksjon i administrative stillingar må ikkje skje utan tanke på at oppgåvene framleis skal løysast. Oppgåvene blir ikkje færre, snarare tvert om, påpeikar rådmannen.

Når det gjeld investeringar og byggjeprosjekt, er det sett av 67,9 millionar for neste år – og heile 208,6 millionar for heile perioden, til og med 2021. Ny barneskule, Skamsargjeilen, strukturendring i barnehagen, Skjåkhallen, opprusting av Marlo grendahus til kulturstugu, sentrumsplan og reparasjon og opprusting av Ofossen bru er døme på både igangsette og planlagde investeringar. Rådmannen skriv at det i løpet av økonomiplanperioden må arbeidast vidare med finansering på dei ulike prosjekta.