Kulturskulane i Noreg er unike og utgjer ein viktig hjørnestein i skule- og kulturlivet. Dei  er ein  føresetnad  for utvikling av eit rikare og breiare kulturliv i framtida, frå amatørnivå til profesjonell utøving. Føremålet med kulturskulane er å bidra til  barn og unge si danning, fremje respekt for andre si kulturelle tilhøyrigheit,  bevisstgjere eigen identitet, bli kritisk reflekterande og utvikle eigen livskompetanse.

I år det 20 år sidan kulturskulane blei lovfesta som eit tilbod som alle kommunar skal ha, og er heimla i Opplæringslova § 13-6. Musikk- og kulturskuletilbod: «Alle kommunar skal, aleine eller i samarbeid med andre kommunar, ha eit musikk- og kulturskuletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles»

Dei  kommunale kulturskulane speler  ei viktig rolle i det norske opplæringssystemet og i det lokale kulturlivet. Sidan oppstarten på 1960-talet har kulturskulane hatt ei sterk utvikling og vekst. Landets kommunale kulturskolar har i dag rundt 125 000  elevplassar. Føremålet med opplæringa er å lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk. Kulturskulen bidreg  til høg kvalitet og eit  rikt mangfald  innan kunst- og kulturformidling i lokalsamfunnet, og er ein sentral del av den samanhengande utdanningslina som kan kvalifisere elevar med særleg interesse og motivasjon til opptak i høgare kunstfagleg utdanning. Den norske kulturskulemodellen har vekt stor interesse også utanfor landets grenser, og under Folkorg sitt bransjetreff for profesjonelle folkemusikarar  Folkelarm førre helga, uttrykte  m.a. ein delegat frå musikkbransjen i Tyskland forundring over at  vesle Noreg har klart å avle fram så mange dyktige folkemusikarar. Ikkje vanskeleg å forklare: årsaka ligg i det langsiktige arbeidet som er gjort over heile landet, der kulturskulen har spelt ei vesentleg rolle i samarbeid med lokale lag og tradisjonsberarar.

Folkorg fekk i 2017 tildelt kr 700 000 frå Dextra Musica, eit dotterselskap av Sparebankstiftelsen DnB, øyremerka rekrutteringssatsing. Desse midlane  er delte ut til fem  ulike prosjekt over heile landet, m.a. Folkrekrutt i Gudbrandsdalen. Det som kjenneteiknar alle prosjekta er nettopp det gode samarbeidet mellom dei lokale kulturskulane og lag og foreiningar, og er ein viktig  føresetnad for å lukkast i rekrutteringsarbeidet. Dette har også Dextra registrert, og under Folkelarm i november offentleggjorde dei at dei vil utvide tildelinga med over 3 millionar dei neste tre åra!

I Vågå står tradisjonsmusikken og –dansen sterkt, og dei fleste  av dei dyktige utøvarane frå bygda har starta si grunnopplæring nettopp i kulturskulen i Vågå. Vågå spel- og dansarlag har på si  side stilt opp med instruktørar i fele som har hatt individuell- og gruppeundervisning i tradisjonsmusikk. Det har også vore ein tradisjon gjennom mange år at laget stiller med instruktør i danseundervisning på 5. klassetrinn. Vågå spel- og dansarlag jobbar svært medvite med rekruttering, og har heldigvis økonomiske musklar til å kunne gje eit gratis tilbod til barn og unge som ønskjer opplæring i fele, song og dans. Laget har også hatt ressursar til å kjøpe  inn instrument for gratis utleige til dei som ikkje har moglegheit til å skaffe seg dette sjølve. Dette har resultert i mange nye medlemmar, noko som er svært gledeleg. Men, Vågå spel- og dansarlag er i ei særstilling fordi laget  har hatt moglegheit til å  arrangere Landskappleiken og Landsfestivalen som har generert store overskott dei siste åra. Desse store overskotta blir i all hovudsak brukt på rekrutteringsarbeid.

Vågå spel- og dansarlag  vil  sjølvsagt halde fram med dette arbeidet, og vil gjerne samarbeide enda meir med kulturskulen. Men det kan ikkje vere slik at Vågå spel- og dansarlag eller andre frivillige  lag og foreiningar skal måtte ta eit stort ansvar  for at barn og unge i Vågå skal ha kulturtilbod som famnar alle i høve til opplæringslova §13-6.

Kulturskulen og frivillige lag og foreiningar  må difor utfylle kvarandre for at barn og unge  i Vågå skal få det kulturtilbodet dei har krav på. Kommunen kan ikkje fråskrive seg sitt samfunnsansvar, og må syte for eit breitt og mangfaldig kulturskuletilbod, uavhengig av frivillig innsats frå enkeltpersonar i lokale lag og foreiningar.

Hilde Reitan