Tysdag kveld kryp temeperaturen ned mot minus 20 på fjellet. Utover onsdag vil temperaturen stige, og vinden auke. Yr melder om liten storm i Breidalen onsdag.

Mannskap på brøytestasjonen har fått ekstremvarsel frå Vegtrafikksentralen. Med storm og all laussnøen som er på fjellet nå, er ein redd for at riksveg 15 kan bli stengt. Det er 1,5 meter snø i Grasdalen og 1 meter i Grotli. I Grasdalen er ein ved ustabilt vêr og store snømengder redd for snøskred.

Utpå dagen torsdag vil vinden minke, men da kjem varmegradane og det er òg meldt regn.

Alt i alt vil køyreforholda bli vanskelege dei neste dagane, og ein lyt ikkje bli fortusta om riksveg 15 blir stengt. Ta alle forhaldsreglar om du har tenkt deg over fjellet dei neste dagane.