Vinteropen fylkesveg 51 Valdresflye er ei sak som har gått i mange år, og har vore utgreidd på ulike måtar.

Kommunar og næringsliv ynskjer å få endra dagens vedtekne periode for vinterstenging og dermed heilt eller delvis opning av fv 51 Valdresflye, og tidlegere opning av fv 55 Sognefjellet inn til Sognefjellshytta.

I dag er det desse datoane for vinterstenging som gjeld:

• Fv 55 Sognefjellet frå 10. november til 1. mai.

• fv 51 Valdresflye frå 15. desember til 1. april.

Det er vedteke at ordninga skal vere fleksibel med tanke på heil eller delvis opning til påske dersom dette er praktisk eller økonomisk mogleg.

Fylkesutvalet vedtok i 2016 å gjennomføre en moglegheitsstudie for tidlegare vinteropning og heilårsopen fv 51 Valdresflye samt tidlegare opning av fv 55 frå Rustasætre og til Sognefjellshytta.

Fylkesrådmannen har valt å dele saka i to separate saker, ei for fv 51 Valdresflye, og ei for fv 55 Sognefjellet som skal leggjast fram for fylkesutvalet seinast i januar 2018.

Når fylkesutvalet møtest på Lillehammer tysdag 21. november er det vinteropning av fv 51 Valdresflye som står på sakskartet.

Fylkesrådmannen skriv i saka at moglegheitsstudien viser at fv 51 Valdresflye kan opnast gjennom heile vinteren med ei investering på 25 millionar kroner mellom dagens bommar på Garli ovafor Beitostølen og Maurvangen i Sjodalen.

Vinteropning av vegen vil auke driftskostnaden med 2,5 til 3,5 millionar kroner per år, i tillegg ytterlegare kostnader i samband med dårlig vêr og kolonnekøyring. Tiltak innanfor investering på 25 millionar er fresefelt, utbetring av bruer, fjernstyrte skilt med meire.

I moglegheitsstudien er det to bruer som må utbetrast for å kunne brukast gjennom vinteren, spesielt av vogntog.

Rjupa bru er for smal for at to vogntog kan passere kvarandre og brua over Flybekken er tilsvarande smal samt at rekkverket magasinerer snø inne på brua.

Tungtransporten, spesielt på aksen mellom Bergen og Trondheim, vil få ein kortare veg ved å nytte fv 51 Valdresflye. I dag er det normaltrafikk med i underkant av 30 tunge kjøretøy i døgnet.

Lastebileigarforbundet er pådrivarar for å få heilårsopen veg.

Fylkesrådmannen skriv at dersom tungtrafikken vestfrå på riksveg 15 skal bruke fv 51 Valdresflye, må oppkøyring frå Randen utbetrast eller vinterdrifta oppgraderast.

I følgje saksutgreiinga er det på båe sider av fjellet uttrykt ynskje om delvis opning, det vil seie opning lengre inn og høgare opp enn i dag. Dette er og uttrykt frå dei deler av reiselivet som ynsker heilårsopen veg som ein andreprioritet dersom dei ikkje kan få det dei primært ynskjer.

Frå nord blir fv 51 i dag brøyta inn til Maurvangen heile året. Primært ynskje for næringsliv og kommunar i nord er open veg over fjellet heile året, sekundært at bommen blir flytta frå Maurvangen og inn til Heimdalsmunnen. Det gjev ytterlegare høgde i terrenget og sikrare snø tidlegare i sesongen.

Statens vegvesen har vurdert det å flytte bommen i underkant av 8 kilometer, til å koste cirka 5 millionar kr i reguleringsplanarbeid, parkeringsplass, skilt og bommar. I tillegg vil det koste cirka 400 til 800.000kr per månad i auka vinterdrift.

– Dersom Oppland fylkeskommune opnar vegen, tek vi som vegeigar ansvaret for sikkerheit og beredskap for alt som kan skje på den enkelte strekning, og vi ber den økonomiske konsekvensen av å halde vegen open og drifte den. Den største utfordringa fylkeskommunen har som vegeigar er økonomi knytt til drift og vedlikehald. Etterslepet på fylkesvegar er kjent, og av eit slikt omfang at det er vanskeleg å skulle vurdere og anbefale nye investeringstiltak og ytterlegere auka kostnader på drift og vedlikehald, skriv fylkesrådmannen i saka.

I sitt forslag til vedtak innstiller fylkesrådmanen på vinterstenging av fv 51 Valdresflye frå 15. desember, med opning til påske kvart år, tidlegast 20. mars og seinast 1. april.

I forslag til vedtak ligg også vinterbrøyting av strekninga Garli – Båtskardet til vinterferien kvart år.

Primært ynskje for næringsliv og kommunar i nord er open veg over fjellet heile året, sekundært at bommen blir flytta frå Maurvangen og inn til Heimdalsmunnen. Foto: ARVE DANIELSEN/ARKIV