Tannlegane og dei andre tilsette på tannlegekontoret i kjellaren på Flækøy-bygget i Lom har nå fått ein ny og ljosare kvardag.

I haust flytta Tannlege Ragnhild Langøygard AS og Tannpleier Eva Birgitta Stee AS inn i nye og flotte lokal i andreetasje på varehuset Koopen.

Det har vore investert i nytt utstyr, og dei tre behandlingsromma på det 200 kvadratmeter store tannlegekontoret, som også inneheld røntgenrom, steriliseringsrom og anna, er svært moderne, og har pasientar frå heile Ottadalen.

– Vi er utruleg tilfredse. Dette vart akkurat slik vi ville ha det, seier Ragnhild Langøygard og Eva Birgitta Stee.

Dei ynskjer å rette ein stor takk til alle som har vore med og hjelpt til, både handverkarar og andre.

Også pasientane har kome med berre positive attendemeldingar etter at dei nye lokala vart tekne i bruk i slutten av september.

Langøygard og Stee jobbar med å få til eit felles firmanamn, men så langt har dei ikkje lykkast med det.– Kanskje Fjuken sine lesarar har eit forslag, og kan hjelpe oss? smiler Ragnhild.