Skjåkmat sin «julegris», ei juleskinke med ramslauk og paprika, vart nyleg tildelt sylv i kategorien delikatessepålegg svin, under NM i Kjøtprodukt jul 2017.

Familiebedrifta i Bismo hadde også sendt inn både medisterpølse og ei grov lammepølse som bidrag i den prestisjefylte konkurransen, men desse nådde ikkje pallplass.

– Faktisk var det pølsene vi hadde størst tru på, men vi er sjølvsagt nøgde med at julegrisen vår vart tildelt sylvmedalje, sjølv om vi sjølvsagt gjerne skulle sett at vi tok gullet, seier dagleg leiar Per Ivar Brenna.

Det var beinhard konkurranse om medaljeplassane.

Også under førre NM i Kjøtprodukt jul, for to år sidan, vart det sylv på Skjåkmat si juleskinke.

Rekordmange bedrifter var påmelde i årets NM. Dei i alt 59 bedriftene stilte med til saman 530 produkt for testing og vurdering i ulike kategoriar.

Skjåkmat har teke ei rekkje NM-medaljar opp gjennom åra, og Per Ivar Brenna fortel at dei allereie er i gang med å tenkje ut produkt til vårens NM i grillmat. To nye grillpølser frå Skjåkmat blir lansert.