– Blant kandidatane til Skjåkprisen 2017 var det ein person som gjennom sitt brennande engasjement for kunst og handverk skilde seg litt ut frå dei andre, sa ordførar Elias Sperstad da han skulle dele ut kommunen sin Skjåkpris under kulturkvelden i eit fullsett Marlo grendehus fredag kveld.

Kulturprisen

Ordføraren trekte fram at årets kulturprisvinnar, Mathilde Skamsar, er samfunnsengasjert, direkte i tale, og gjerne har sterke meiningar om mangt.

– Dette er ein person som er oppteken av at det skal skje noko positivt i bygda. Vi pratar om ein ivrig fiskar og jeger, men det er for sin interesse og iver for lokal kunst og handverk ho er tildelt Skjåkprisen. Sjølv om ho sjølv driv med kunst og handverk, er det andre ho heller vil framheve i kunst- og handverkbutikken og utstillingslokalet i Bøstugu, sa Elias Sperstad om prisvinnaren, og heldt fram:

– Ikkje alle hadde den heilt store trua da du for 20 år sidan opna Galleri Mathilde og den fyrste Skjåkutstillinga i Bøstugu. Men heldigvis er du trå og engasjert, smilte ordføraren før han overrekte prisvinnaren Kulturprisen 2017 – ein pengesjekk på 10.000 kroner, diplom og blomar.

– Dette er heilt utruleg. Tusen takk! Eg er utruleg stolt over å ha fått denne prisen. Dette hjelp meg til å drive vidare med galleriet og Skjåkutstillinga, sa Mathilde Skamsar etter å ha fått prisen.

Kulturstipendet

Skjåk kommune delte også ut eit kulturstipend fredag kveld, og det gjekk til bygda sitt nye skyttartalent, Anders Haugen, som fyller 16 år i desember.

– Skjåk har fått ein ny skyttar som hevdar seg i toppsjiktet. Anders Haugen som i år har skote sin fyrste sesong i juniorklassa har gjort det skarpt, sa Elias Sperstad.

På slutten av sesongen vann Anders Haugen ungdomsstemnet, som er det største stemnet utanom Landsskyttarstemnet. På NM i rifleskyting skaut han på laget frå Gudbrandsdalen som tok gull på 50 meter liggjande med miniatyr.

Ordføraren trekte fram kor mykje arbeid som ligg bak slike gode resultat.

– Det ligg ufatteleg mange treningstimar bak. For å nå eit slikt nivå må ein ha talent, ein må vera målbevisst, og like det ein driv på med. Anders har eit ynskje om å satse vidare på så høgt nivå som mogleg fram mot seniorklassa. Gjennom tildeling av kulturstipend ynskjer Skjåk kommune å bidra til at han når målet, sa ordføraren.

Også Skjåkstipendet var på 10.000 kroner.

Stipendmottakaren har ikkje talet på kor mange timar han har med trening i løpet av ei veke, men seier at det ikkje er få.

– Det var svært artig og utruleg motiverande å få stipendet, sa Anders Haugen til Fjuken etter overrekkinga.

I desember skal den unge skyttaren delta på «Oslo Open», som er det største innandørsstemnet i landet.

Kulturkveld

Kulturkvelden i Marlo grendehus var variert og svært frisk, med mange postar på programmet. «Dalakara», Skjåk songlag, Lom og Skjåk Brass, «Ramstadstråndingein», kulturskuleelevar, og humortrioen Magnhild Teigum, Torill Wassæther og Astrid Skjåk, var berre nokre av dei mange talenta publikum fekk sjå og høyre fredag kveld, før dei fekk servert kveldsmat; slagje strorrumbrød og lademjølk ...