– Det er bra det skjer noko i bygdene våre, men politiet ser at mange arrangement ikkje blir meld til politiet, seier lensmann Tor Trønnes.

Som ordensmyndigheit har politiet ansvar for ro og orden, og treng oversikt over det som skjer, slik at dei kan leggje opp tenesta si i høve arrangementa. Det er politilova og kommunen si politivedtekt som regulerer søknads- og meldeplikta.

Lensmann Tor Trønnes opplyser at det er søknadsplikt for arrangement på offentleg stad som samlar mykje folk.

– Mest vanleg i vårt distrikt er offentlege festar, større festar, festivalar og martna, seier Trønnes.

Når det gjeld mindre allment tilgjengelege arrangement på offentleg stad, også utanfor offentleg stad, og i tillegg samankomstar eller dans av selskapeleg eller underhaldande art, for medlemar av ei foreining eller liknande samanslutning, har ein meldeplikt til politiet. Ein treng da altså ikkje å søkje, men er pålagt å melde frå om arrangementet, slik at politiet er klar over kva som skjer.

Meldinga eller søknaden skal sendast til Politiet i Ottadalen, ved lensmannskontoret i Lom, anten i form av brev eller e-post.

Tor Trønnes fortel at meldinga eller søknaden skal innehalde opplysningar om arrangementet sitt formål, omfanget av arrangementet, ansvarleg arrangør, tidspunkt, avviklingsstad og ordenstiltaka til arrangøren.