– Ei stor oppleving. Eg er glad for å ha vore der. Denne toppen har stått høgt på lista, seier Kjell Sveen.

Sjårdølen Kjell Sveen er sprekare enn mange andre på sin eigen alder. Ja, sprekare enn mange yngre også.

Opp gjennom åra har det vorte mange fjellturar, og det er særleg ein topp som har lokka. Store Skagastølstind i Hurrungane i Vest-Jotunheimen. Eller Storen som den 2.405 høge toppen blir kalla. Noregs tredje høgaste fjell.

Samgrending og fjellklatrar Øystein Bakke hadde lova å vere med Kjell på toppen. Den 26. august stod dei på toppen. Med på turen var også Alf Olav Bakke.

Kjell fortel om ein haustdag av dei sjeldne, med flott vêr. Han fortel om ein tung og lang tur frå Turtagrø til Skagastølsbu, eller hytta på bandet som den også blir kalla.

– Vi kom fram til hytta ved ti-tida om kvelden og låg der om natta. Vi starta turen opp mot Storen klokka 05.40 om morgonen og var attende ved hytta ved 13-tida, før vi sette kursen ned mot Turtagrø, seier Kjell.

Storen er eit populært turmål, og dei tre sjårdølane fekk selskap i hytta på bandet om natta av eit turfølgje på tre.

Det krevst klatring for å koma til toppen av Storen.

– Dette er klatring som dei fleste greier, seier Kjell.

Han fortel at dei i utgangspunktet hadde tenkt å gå traversen bort til Storen, men på grunn av nysnø vart dei råda til å la vere.

– Turen gav meirsmak. I nærleiken ligg Sentraltind. Det hadde vore interessant å vore på den og gått traversen attende til Storen. Men den turen må gjerast i finvêr om sommaren slik at ein kan liggje ute, seier han.

Kjell Sveen er ikkje av dei som kryssar av på lista kor mange totusenmeterstoppar han har vore på. Han trur det er kring 50 toppar.

– Eg går ikkje på toppturar berre for å ha vore på toppen. Ein må sjå landskapet rundt seg, seier han.

Også døtrene og barnebarna har hatt glede av å vere med far og bestefar på tur. Kjell syner fram eit bilde av tre av dei fire barnebarna som han hadde med seg på tur ved Gjende. Elleve timar brukte dei på turen over Bukkehammaren, Kvassryggen, Høgdebrotet og Tjønnholstind.

– Eg har hatt med døtrene på same turen. Det er artig å gå på tur så lenge ein har god helse, seier Kjell.

Han fortel også at han har vore med på turar i regi av DNT Gudbrandsdal og Lalm turlag. I si tid var han med i styret i Vågå turlag og med på mange fine turar der.

Kjell Sveen voks opp i ei tid da alle jorde var hardtrakka av skispor og hoppbakkar.

– Det var hopp på nesten kvar ei tuve, seier Kjell.

Han fortel at han aldri har vore nokon konkurranseløpar. Men han har delteke i militært NM på skiskyting og har delteke i Birkebeinerrennet fem gonger.

– Eg kallar meg for ein «under middels» skiløpar, seier Kjell.

Han seier det er viktig å vere i aktivitet for å halde seg i form.

– Det finst ikkje noko som er betre for kroppen enn å gå på ski. Fysisk er dette god medisin, seier han.

Da Kjell var på toppen av Storen i haust, vart han fortald av førar frå Turtagrø at den eldste som har stått på denne fjelltoppen var 82 år gamal.

– Eg får vente i ti år og ta ein ny tur oppå toppen for å ta denne rekorden, seier han med eit smil.

Kjell fortel at det gjekk greit å klatre opp denne fjelltoppen som er den einaste av dei tre høgaste i landet som krev klatring.

– Eg har ikkje høgdeskrekk. Eg har god trening frå klatring i stolpar medan eg var i Eidefoss, seier han.

Kjell fekk arbeidsdagane sine i Eidefoss. Her arbeidde han i 41 år, til han gjekk av med pensjon i 2007.

Kjell byrja i mekanisk avdeling da han kom heim att frå militære i 1966. Her var han i elleve år, for han gjekk over til linjeavdelinga.

– Det er ikkje noko som er betre enn å ha fysisk arbeid. Få drive ute heile året, sjølv om det også var dagar med dårleg vêr og kaldt. Ein heldt varmen når ein grov hol til stolpane. Det låkaste var å stå i toppen av stolpane og drive med koplingsarbeid når det var kaldt. Men - det var ein ypparleg arbeidsplass, seier Kjell.

Pensjonisten i Stokstadåsen har nok å henge fingrane i. Han kallar seg hobbysnikkar. Beskjedent nok. Denne dagen står han og høvlar på laftestokkar.

I vaksen alder gjekk han laftekurs, noko som har resultert i fleire mindre laftabygg. Største prosjektet var nok hytta i Sjodalen som han sette opp i stav og laft.

I samfunnshuset i grenda står premieskapet til idrettslaget han har snikra. Nå lagar han eit skap til det nye lydanlegget på samfunnshuset.

– Det er min del av dugnaden, seier han.

Elles er Kjell med i småjobbprosjektet gjennom Frivilligsentralen.

For ein som er vaksen opp i skigrenda Sjårdalen, er interessa for idrett stor, og da særleg fotball.

Da Kjell gjekk på skulen sette læraren forbod mot å sparke fotball. Sjølv om han ikkje vart nokon fotballspelar, er interessa for kampen om lærkula stor. Og laget er Rosenborg. Han har vore fleire gonger på Lerkendal for å sjå favorittlaget spela. Det er visst nok prat om ein ny tur i haust på kamp.

– Interessa for Rosenborg kjem mykje av Nils Arne Eggen og hans filosofi. Og han er sosialdemokrat, seier Kjell og røpar sin politiske ståstad.

På 1980- og 90-talet var Kjell Sveen aktiv politikar i Vågå. Han har sete i kommunestyret under tre ordførarar; Sigurd Granrud, Kjell Nyhus og Kari Hølmo Holen. Med Nyhus som ordførar, var det to Kjell’ar i toppen. Sveen var varaordførar.

– Eg er glad eg slepp å vere med i politikken i dag, seier Kjell.

Men han følgjer med i det som skjer, både lokalt og nasjonalt.

– Kravmentaliteten blant folk er for stor i dag. Største utfordringa for politikarane er å halde att. Det er ei kunst å prioritere det som er viktig, og ikkje la seg rive med. Dreg ein på seg for mange faste utgifter, kan ein ikkje kjøpe seg noko ekstra, seier Kjell ettertenksam.

Han er kritisk til sentraliseringa i politikken, der det meste skal skje sentralt.

– Det går gale veg. Ein kan snart lure på om snart den siste generasjon vil eksistere i bygdene våre. Det blir triste bygder å reise til, seier Kjell Sveen.

I august stod Kjell Sveen på toppen av Store Skagastølstind, den tredje høgste fjelltoppen i landet. – Dette er ei klatring dei fleste greier, seier den spreke 73-åringen om toppturen. Foto: Øystein Bakke
Lafting: Kjell Sveen har snekring og lafting som hobby. Og den tidlegare politikaren følgjer med i det som skjer. Foto: Arve Danielsen