Gudbrandsdalsmusea har, i samarbeid med fleire andre,  søkt Miljødirektoratet om verdiskapingsmidlar gjennom programmet «Naturen som verdiskapar». Dei har nått fått pengar til eit delprosjekt.

I ei pressemelding frå Gudbrandsdalsmusea heiter det mellom anna at dei eksisterande formidlingsstadene om villrein og fangstkultur ved Dønfoss i Skjåk, Norsk Fjellsenter i Lom, massefangstanlegget ved Slådalsvegen mellom Vågå og Lesja og andre utstillingar og senter knytt til rein i Nord-Gudbrandsdalen, skal vidareutviklast.

Besøkssenteret ved Dønfoss skal vidareutviklast. Foto: Hans Erik Kjosbakken