– Det er sikkert ulike meiningar om det eg skal seia nå, men høyr her: Kvinnfolk er mykje betre i trafikken enn menn. Dei er betre sjåførar enn oss. Med andre ord er det mykje betre at kjerringa køyrer enn at de gjer det, sa han, og såg på mennene i salen.

Ytringa resulterte i applaus frå kvinnene og litt grynting og hovudristing frå mennene. Men dei lo litt dei òg, etter kvart.

Den siste tida har det vore mykje debatt om kor utfordrande det kan vera å fornye førarkortet for eldre.

– Det er mange som kvir seg, og det er ein del som ikkje greier det. Det er frustrerande for mange, sa Ringen, som kom med mange gode tips og råd til forsamlinga kva gjeld trafikk- og bilkøyring.

Somme brukar medisin og tablettar av ulikt slag, naturleg nok.

– Livet går i bølgjedalar, slik er det for alle. Somme gonger kan vi bli deprimerte, og da er det viktig å få hjelp. Da kan ein somme gonger få til dømes valium eller anna medisin med varseltrekant. Å kombinere slike tablettar med bilkøyring er ulovleg, men det er somme som gjer det likevel, i alle aldersgrupper. Eg har ei bøn: Køyr ikkje bil dersom du tek slik type medisin. Å køyre bil medan ein er ruspåverka er noko av det mest bedritne eg veit. Det set andre sine liv i fare, sa Ringen, som uttrykte uro over at tablettar, som paracetamol og liknande, er så lett tilgjengeleg i butikkar og bensinstasjonar. Det kan føre til, fryktar han, at både ungdom og andre kjøper tablettar så fort dei har litt vondt her eller der.

– Og det kan i neste omgang kan gjera det «enklare» å ty til sterkare medisin, sa han.

Å bruke bilbelte er svært viktig.

– Ikkje slurv med bilbeltet, oppmoda Ringen, som òg kom med sterke åtvaringar når det gjeld bruk av mobiltelefon i bilen.

– Mange brukar mobilen. Slutt med det! sa Ringen, som slo fast at det å køyre bil på ein god og dyktig måte ikkje handlar om alder. Det handlar om helse.

Dei fleste eldre som blir skadde eller mistar livet i trafikken skuldast fyrst og fremst ulykker i fotgjengarfelt, manglande refleksbruk, medikamentbruk og når ein skal svinge til venstre frå ein sideveg og ut på ein hovudveg.