– Sidan eg har vore på Svalbard i to periodar tidlegare vart eg beordra hit sundag etter styrten, fortel Haugen som nå er om bord på sysselmannsbåten Polarsyssel der aksjonen på sjøen blir leia frå.

Helikopteret med dei åtte ombord er heva og står nå på båten. Ein av dei omkomne er funne og henta opp, men framleis leitar ein etter dei sju andre som forulykka.

– Frå Polarsyssel koordinerer vi aksjonen på sjøen, og blir det funne omkomne så er det politiet si oppgåve å ta hand om dei, det same gjeld eventuelle gjenstandar, fortel Haugen.

Tidleg i aksjonen var Haugen med som kjentmann, mellom anna i Barentsburg og Pyramiden, og han har vore med på avhøyr og strandsøk.

Det er ennå ikkje avklara kor lenge aksjonen vil pågå.

– Det er ei smertegrense på kor mykje ressursar, så store som nå, som kan brukast. Vi er tolv politifolk frå fastlandet, mellom dei Sidsel Mellerud Svarstad - opphaveleg frå Lom - som er med, seier Haugen.

Sidsel Mellerud Svarstad har seks års fartstid på Svalbard.

I fyrste omgang skal Haugen og kollegaene frå fastlandet vera på Svalbard til og med torsdag denne veka.

Måndag morgon var vêret i søkeområdet bra. Foto: Roger Haugen