Leiteaksjon i fjellet

Det blir laurdag kveld leitt etter ei kvinne i området mellom Sognefjellshytta og Bøvertjønnen i Bøverdalen.
Nyheiter

Kvinna, som går på ski, har gått seg bort og fast på grunn av tåke. Vedkomande har prata med politiet.

– Redningsmannskap, inkludert Røde Kors Hjelpekorps og Norske redningshunder, er i gang med leiteaksjonen, opplyser operasjonsleiar ved Innlandet politidistrikt.

Kvinna, som er i 50-åra, skal vera heimehøyrande i vårt distrikt.

Saka blir oppdatert.