Det er stille i den gamle klebersaga på Sagflaten. Dei store sagblada har stått rolege sidan produksjonen vart flytta i 1982. Nå er stiftinga Sagflaten SA i gang med å restaurere den gamle industriarbeidsplassen på Åsen mellom Sel og Vågå.

Erik Sanden og Torstein Aasheim frå Trehuseksperten er i gang med å jekke opp den gamle støvsiloen som i løpet av snart hundre år har sige ned i grunnen. Dei skal støype nytt fundament og forsterke konstruksjonen.

Det er støypt nye fundament til stolpar, alle golv skal opp og det skal leggjast nye tilfararar. Ein skal bruke det som er brukbart av materialar. I to sesongar har det også vore lagt ned mange hundre dugnadstimar av friviljuge som ynskjer å ta vare på historia.

Det var Østlandske Stenexport som bygde anlegget på Sagflaten i 1918.

Det vart teke kleberstein frå Rustberget og Nyseterberget. Store steinblokker vart frakta til saga, der klebersteinen vart foredla.

Kjell Voldheim som har interessert seg for steinindustrien, fortel at hovudproduksjonen var stein til smelteomnar i celluloseindustrien over heile Europa. Heilt til India vart det sendt stein frå klebersaga på Sagflaten.

I tillegg vart det produsert kleberomnar og peisar, både standardomnar og på bestilling.

Kring 30 personar arbeidde på Sagflaten. Voldheim fortel at det var eit hardt arbeid. Om vinteren var det kaldt å stå og arbeide i det uiosolerte huset.

– Det var ein som stod med med striesekk rundt føtene for å halde varmen, seier han.

Østlandske Stenexport var ei stor bedrift. I alt hadde bedrifta 100 tilsette. På Bårstad på Lalm var det talkummølle med taugbane som gjekk over til Sel. Da selskapet vart stifta i 1918 var aksjekapitalen på 1,2 millionar kroner.

Granit kjøpte opp selskapet på slutten av 1970-talet. I 1982 vart produksjonen på Sagflaten flytta til nye lokal på Otta, der det stod ny maskinpark klar til bruk.

Såleis står klebersaga og huset slik det var da siste mann forlot arbeidsplassen.

Hovudmålet til Stiftinga Sagflaten SA er å sikre og bevare den gamle klebersaga.

– I utgangspunktet skal vi ta vare på historia, seier styreleiar i stiftinga, Terje Kleiven.

– Vi har også tenkt mykje på etterbruken, seier Voldheim.

Han ser for seg formidling av kleberhistoria til skuleklasser, la elevane få forme ting i kleberstein. Billedhoggarar har også vist interesse for å koma å arbeide i stein her.

Prosjektet med å restaurere klebersaga på Sagflaten er kalkulert til 3,3 millionar kroner.

Kleiven og Voldheim fortel at Norsk kulturminnefond har støtta arbeidet med ein halv million kroner. Dei har fått 300.000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB og 200.000 kroner frå UNI.

– I løpet av året har prosjektet også vekt interesse hjå Riksantikvaren. Nå skal vi skrive fredningssøknad, seier Kjell Voldheim.

Neste år er det hundre år sidan klebersteinindustrien starta på Lalm og på Sagflaten.

Målet er at saghuset skal vere fullrenovert til jubileet.

– Alt skal vere så autentisk som mogleg. Vi skal ikkje pynte på det. Kleberstøvet skal ikkje støvsugast bort, seier Kjell Voldheim.

Erik Sanden og Torstein Aasheim skal jekke opp den gamle støvsiloen. Foto: ARVE DANIELSEN
Målet er at alt skal vere så autentisk som mogleg. Kleberstøvet skal få liggje, og i taket heng drivverket til saga. Foto: ARVE DANIELSEN
Huset er bygt på i mange omgangar. Foto: ARVE DANIELSEN