Konferansen er arrangert av IA-råda (partane i arbeidslivet, Nav og Arbeidstilsynet) i Hedmark og Oppland.

I grunngjevinga for prisen heiter det mellom anna:

«Prisvinnaren legg til rette for inntak av arbeidstakarar med redusert arbeidsevne. Alle tilsette blir kalla inn til eit møte når dei fyller 58 år med sikte på at den enkelte skal stå lengst mogleg i jobb. Seniorane blir sett på som ein viktig ressurs. IA-arbeidet og tankegangen er integert i den daglege drifta i industribedrifta».

Utdeling av IA-prisen skjer årleg, som ei anerkjenning for godt arbeid med inkluderande arbeidsliv.