Snøen er i ferd med å krype nedover skibakken på Lemonsjø alpinsenter.

Sjølv om det manglar mange centimeter med snø før ein kan opne skiheisen, er ein i full gang med å førebu seg på sesongen slik at alt er klart når snøen ligg der.

Han kunne ikkje klage på vêret, Egil Holshagen, da han torsdag hengte opp kroker i heisen som ligg på andre sida av vegen.

Eitt par minusgradar og sol frå blå himmel gjorde at det var reine påskestemninga ved Lemonsjøen denne dagen.

Totalt 35 krokar skulle monterast på vairen. Når dette var gjort, ventar storheisen. Her er det 133 krokar som skal monterast.

Elles ventar alpinsenteret på fleire kuldegrader slik at snøkanonane kan setjast i gang med å produsere snø.