Skal noko gjerast i utmark, om det er i statsalmenning, på kommunal grunn eller i nasjonalpark, må ein gjennom fleire instansar og etatar. Ein må bokstaveleg tala gjennom fleire dørar for å få svar.

Èi dør inn

Lom kommune har med Norsk Fjellsenter som samarbeidspart søkt om prosjektmidlar for å gjera noko med dette, og torsdag kan kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner koma med ei gladmelding til prosjektet. Det får èin million kroner til eit forenklingsprosjekt; Èi dør inn!

Mykje å lære

– Prosjektet syner at andre kommunar har mykje å lære av Lom kommune og måten dei vil legge ting til rette på. Eg møter mange som tykkjer at utmarksforvaltninga er komplisert, og dette vil bidra til å gjera det enklare, seier Jan Tore Sanner til Fjuken.

Enklare

Innbyggjarar, friviljuge og næringsdrivande får med dette èi dør inn til forvaltninga.

– Vi er opptekne av å forenkle og forbetre utmarksforvaltninga, gjera det enklare for brukarane. I Lom kommune er utmarksressursane viktige for utvikling av arbeidsplassar og næringsverksemd. Eg kjem til å fylgje spent med på kva dei får til i prosjektet, og ynskjer lykke til med gjennomføringa, seier statsråd Jan Tore Sanner.

Jælma bra

– Dette var jælma bra. Eg er svært tilfreds at med at arbeidet vi har lagt ned i dette nå gjev uttelling. Eit slikt prosjekt er i tråd med korleis vi elles ynskjer å arbeide i Lom kommune, med å samle kompetanse på tvers av etatar og tenesteområde og gjera ting enklare, seier ordførar Bjarne Eiolf Holø.

Spennande

– Dette blir kjempespennande, seier dagleg leiar på Norsk Fjellsenter, Mai Bakken. Nå skal brukarane sleppe å bli sendt hit og dit, ein kan få ordna ting på ein plass, seier ho.

Ho fortel at dei frå før har god kommunikasjon med kommunen, og at miljøet på fjellsenteret - der mellom anna nasjonalparkforvaltar og Lom fjellstyre er lokalisert - vil løyse utfordringar som vil dukke opp.

Saksområdet for prosjektet omfattar motorferdsle, byggjesaker og søknader av ymse slag. Prosjektet skal ha eit klart brukarfokus med eit overordna mål om å forenkle prosessar og frigjera tid til lokal verdiskaping.