Power-butikken i Skjåk kjøpesenter hadde innbrot natt til laurdag. Fleire personar tok seg inn på lageret ved å knuse ei glasrute på lagerdøra.

Butikksjef Ronny Brukveen fortel at tjuvane fekk med seg ein pose full av mobiltelefonar, mellom 50 og 70 i talet. Problemet for tjuvraddane var berre at ingen av dei var brukbare. Butikksjefen fortel at telefonane i posen skulle sendast inn til skroting og destruering.

– Alle telefonane blir nullstilte før dei blir lagt i posen, så det er ikkje fare for at personleg informasjon har vorte spreidd, forsikrar Ronny Brukveen.

Dei fleste av telefonane var også utan batteri.

Heile hendinga vart fanga på overvakingskamera, og butikksjefen på Power Skjåk fortel at det ikkje vart stole noko anna enn posen med ubrukelege mobiltelefonar.

– Tjuvane har ikkje vore inne i sjølve butikken, men berre på lageret. Dei har nok vorte skremd av alarmen. Ingenting av verdi vart stole, sjølv om dei har studert og løfta på dyre skjermar og anna på lageret medan dei var inne, seier Ronny Brukveen.

Lensmann Tor Trønnes opplyser til Fjuken at fire litauarar vart pågripne i Vågå natta etter innbrotet. To av dei vart sikta for hendinga i Skjåk. Posen med mobiltelefonar vart funne på adressa der dei heldt til.

Litauarane budde og jobba i Vågå. Dei brukte ein firmabil under innbrotet i Skjåk i helga. Trønnes fortel at gjerningspersonane nå er oppsagt frå firmaet dei jobba i, og at dei er utvist frå Noreg med innreiseforbod i to år.