– Eg har eit prosjekt der eg ser på brurmarsjar og brureslåttar i Lom og Skjåk. Eg har eit hårete mål om å prøve å få god oversikt over det vi har av slikt oppi hjå oss. Både av tradisjonelle og nykomposisjonar, seier Aslak Brimi.

Han trur det er ein del bruremarsjar som er laga til bryllaup og brurepar, som seinare ikkje har vore så mykje i bruk.

– Er det brurpar eller andre i Lom og Skjåk som har fått eller veit om ein marsj, brurmarsj eller brurslått, og der dei kanskje er usikre på om leiken har vorte brukt seinare, seier Brimi.

Han seier at dette kan vere marsjar laga på fele, trekkspel, toradar, klarinett, eller på blokkfløyte for den del.

– Da kan dei kontakte meg. Det skal ikkje publiserast eller noko nå i fyrste omgang, men det er veldig interessant å vite kor mange - om nokon - ukjente marsjar som er ute der, seier Aslak Brimi.